Alle i alderen 18 til 64 år får tilbod om koronavaksine

Regjeringa har avgjort at alle personar mellom 18 og 64 år utan underliggjande sjukdomar skal få tilbod om en ny oppfriskningsdose koronavaksine.

Ill.


Personalleiar for vaksinering i Øygarden, Elise Bergsagel, opplyser at det er avgrensa med tilgang på vaksinar dei første to vekene.

- Vi planlegg for at vi får tilsendt eit større tal vaksinar frå veke 49. Det er likevel mogleg å ta kontakt med apotek eller koronatelefonen frå måndag av, seier ho.

Øygarden kommune vil koma tilbake med meir konkret informasjon om tilgang på vaksinar.

Frå før er personar over 65 år, og personar yngre enn 65 år som er meir utsette for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19, tilrådd å ta oppfriskingsdose.

– Vaksinasjon er framleis heilt sentralt for å handtera koronapandemien, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Avgjerda til regjeringa baserer seg på tilrådingar frå Folkehelseinstituttet. Vaksinetilbodet gjeld også helsepersonell.

Les meir på nettsida til Helse- og omsorgsdepartementet.


Tekst: Vigleik Brekke