50 år med bru til Sotra

I dag, 25. mai, er det 50 år sidan at Sotrabrua vart offisielt opna av Kong Olav.
- Eg hugsar godt denne dagen og at Kong Olav helste på folket ved Fjell kyrkje etter opningsseremonien, seier Ole Konrad Ekerhovd.

Ole Konrad Ekerhovd var tett på kong Olav då snora blei klipt den 25. mai 1972. - Klikk for stort bileteOle Konrad Ekerhovd (til venstre) var tett på kong Olav då snora blei klipt den 25. mai 1972. I dag kan han han saman med ordførar Tom Georg Indrevik konstatera at det har vore ein formidabel vekst i folketal og trafikk til og frå øyane i vest. 

Ekerhovd som sat i kommunestyret i Fjell i sju periodar (28 år) sat i formannskapet då brua vart opna og fekk æra av saman med ordførar Olav Midtun og mange andre gjester å vera tett på kongen då han klipte snora i Knarrvika om føremiddagen den 25. mai.

- Vi stod heilt samla politisk om å få realisert dette viktige prosjektet. Sentrale personar i tillegg til den politiske leiinga i Fjell kommune var Ingvald Ulveseth som då sat på Stortinget. I tillegg til kongen var også kronpris Harald og kronprinsesse Sonja på plass på denne store dagen. I etterkant av den offisielle opninga ved kongen, køyrte vi i kortesje rundt Klokkarvik og avslutta dagen med lunsj på Grand Hotel saman med alle gjestene, seier Ekerhovd.

Ei bru til Sotra og dei tre kommunane her ute, Sund, Fjell og Øygarden, var heilt avgjerande for utviklinga. Folketalet var då rundt sju tusen, og i åra som følgde var dei ein formidabel folkevekst.

- Eg hugsar at køen på sundag ettermiddag stod heilt frå Straume ned mot kaien på Brattholmen. Byfolket skulle heim etter helgetur her ute, seier Ole Konrad Ekerhovd.

40 millionar kroner

Saman med ordføraren var dei på direktesending på Radio Sotra i dag. Ordføraren stilte opp med kake for dagen.

- Vi ser kva Sotrabrua har betydd. Brua kosta rundt 40 millionar kroner, og det lokale bidraget var på heile 23,5 millionar kroner, seier ordføraren.

Sotrabrua vart teken i bruk allereie i desember 1971, men ein måtte finna eit meir høveleg tidspunkt for den offisielle opninga. Sidan det var vinter måtte ein venta med asfaltering av vegbana over brua, men folk var vel nøgde med å kunna ta brua i bruk før jul i 1971. I Fjell bygdebok, band VII, kan vi lesa at på sundagen den 12. desember skulle «alle» sjå den nye brua. Dette skapte lange køar.

Brua då ho var ganske ny. - Klikk for stort bileteBrua underbygging.  

- Det var som ein normal sundag ettermiddag ved ferjeleiet i Brattholmen tidlegare, skreiv lokalavisa Sotra-Nytt.

Avisa filosoferte også litt over kva som ville skje no.

- Får vi ein flaum med nye verksemder her ute? Vert det storby- eller forstadmenneske av oss? Eller vil vi makta å kombinera det beste av vårt nåverande sosiale miljø med det beste av det nye? skreiv avisa.

Eit kjend bilete frå den tida er av ordførar Olav Midtun som står framfor brua med handa opp. Biletet, som vart teke av Bergens Tidende, kunne oppfattast som om ordføraren var redd for at for mange skulle slå seg ned på Sotra og skapa store utfordringar for kommunen. I ettertid vil nok mange seia at Midtun og dei andre politikarane i Fjell stort sett ønskte innflyttarane velkomne til kommunen i åra som følgde.

Tidleg på 70-talet var det om lag sju tusen innbyggjarar i Fjell. Då kommunen vart ein del av nye Øygarden kommune frå 2020 var talet på innbyggjarar auka til om lag 26 tusen. Den nye brua bidrog sterkt til ein «Vekst utan like», slik Fjell bygdebok omtalar perioden frå 1960 og fram til 2019.

Slik er det vist frå opninga i bygdeboka for Fjell (band VII). - Klikk for stort bileteSlik er det vist frå opninga i bygdeboka for Fjell (band VII). 

I si tid var Sotrabrua med totallengda på 1 236 meter lengst i landet og sjuande lengste hengebru i Europa. Det gjekk etter måten kort tid frå tiltaksmøtet på Landro i 1961 til brua stod klart til bruk ti år seinare. Byggjearbeidet starta i mars 1969, og vel to og eit halvt år seinare kunne altså brua takast i bruk. Trafikantane måtte betala bompengar fram til 30. desember 1983. Ein del av bompengane gjekk også til å dekkja kostnader med veg- og bruprosjekt lengre nord i kommunen.

Trafikken over brua har auka jamt og trutt frå om lag tusen bilar pr. døger (årsdøgntrafikk) i 1972 til godt over 30 tusen i dag. Den nye brua skal stå klar til bruk 1. juni 2027. Den totale prislappen er 23 milliardar kroner.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Fylkesarkivet i Vestland. Arnljot Gjelstein (utlånt av Turid Gjelstein), Tom Georg Indrevik og Vigleik Brekke    

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete