5,7 milliardar til tiltak i kommunesektoren

I ein ny tiltakspakke føreslår regjeringa å løyva 5,7 milliardar kroner til tiltak i kommunesektoren. Av desse midlane går 2,5 milliardar kroner til vedlikehald og rehabilitering. 600 millionar kroner er sett av til kommunale næringsfond. Øygarden kommune får 18 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av bygg.

 Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup - Klikk for stort bileteKommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup Sturlason/Utanriksdepartementet   

1,3 milliardar kroner er auke i rammetilskot som mellom anna går til kollektivtransport, og skjønsmidlar for å kompensera kommunane for smitteverntiltak. 4,4 milliardar kroner er øyremerkte tilskot til kommunesektoren som skal gå til å få fart på norsk økonomi igjen, mellom anna gjennom vedlikehaldstiltak. Av dette er det sett av 2,5 milliardar kroner til vedlikehald og rehabilitering av bygg og anlegg i kommunane.

Av desse midlande får Øygarden kommune 18 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av bygg.

- Desse pengane kjem på toppen av dei 10,8 milliardar kronene kommunen tidlegare har fått som følgje av koronakrisen, seier kommunal- og moderniseringsminister, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Les aktuelle pressemeldingar her.

600 millionar til næringsutvikling i kommunane

Ein del av pakken er 600 millionar kroner til kommunale næringsfond. Dette opplyste regjeringa på ein pressekonferanse i dag.

Ordninga inneber at bedrifter kan søkja om midlar som kan få opp aktiviteten og skapa nye arbeidsplassar i heile landet etter krisen.

- Kommunane er tett på det lokale næringslivet, og veit kvar skoen trykkjer. Gjennom næringsfondet kan kommunane leggja til rette for auka aktivitet, støtta det eksisterande næringslivet og bidra til å skapa nye arbeidsplassar etter krisen, seier  distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Kommunane skal løyva pengar til tiltak som dei meiner er særleg viktige for å motverka dei negative verknadene av pandemien.

Pengane vil bli fordelte til fylkeskommunane, som skal prioritera kommunar som er hardt ramma av krisen. Tidlegare evalueringar viser at kommunale næringsfond bidreg til å styrkja, sikra og etablera arbeidsplassar.

Tekst: Vigleik Brekke