40 prosent av norsk gassproduksjonen skjer på Kollsnes

Formannskapet for den nye kommunen fekk på tysdag grundig innføring i olje- og gassproduksjonen i Noreg, ikkje minst om det som skjer i vår eigen kommune. Noreg eksporterer gass for om lag 300 milliardar kroner i året. 40 prosent av dette vert produsert på Kollsnes og ført i røyr til Europa.

Formannskapet, leiargruppa og sentralt tilsette på Kollsnes framfor prosessanlegget - Klikk for stort bileteFormannskapet, leiargruppa og sentralt tilsette på Kollsnes framfor prosessanlegget. Vigleik Brekke  

Dette kunne anleggsansvarleg Kollsnes i Gassco, Gunnar Lervåg, fortelja då formannskapet hadde møtet sitt i velferdsbygget på Kollsnes på tysdag. Det vart også tid til omvising på anlegget. Gassco er operatør av det norske transportsystemet for gass.

Men det handlar ikkje berre om gass. Stureterminalen, som opna for drift i 1988, skipar ut mindre olje enn på toppnivået, men med 200 båtanløp i året står anlegget framleis for ein viktig del av norsk oljeproduksjon. Hovudkjelda er Oseberg, men mange felt er kopla opp mot Oseberg Transport System. Også felta Grane, Edvard Grieg og Ivar Aasen leverer store mengder olje til Stureterminalen.

Driftssjef Bjarte Hennø i Equinor understreka at norsk gassproduksjon erstattar andre meir forureinande energikjelder. Han orienterte også om pilotprosjektet karbonfangst og lagring av CO2. Gjennom Northern Lights skal CO2 fangast, lagrast og sprøytast ned i havbotnen og på den måten verta eit bidrag til å redusera CO2-utsleppet.

Ordførar Tom Georg Indrevik og den nye direktøren (plassjefen) i kontrollrommet. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og den nye direktøren (plassjefen) i kontrollrommet. Vigleik Brekke   

Prioriterer tryggleik

Bjarte Hennø la stor vekt på kor viktig tryggleiken er for drifta av anlegga.

- Vi har hatt ei markert nedgang i alvorlege hendingar dei siste åra. Utfordringa er å «knekka» det heilt ned mot null, sa Hennø.

På Stureterminalen og Kollsnes har Equionar 350 tilsette. Anlegga har om lag 200 leverandørar.

- Det er viktig å vidareutvikla arbeidsplassane i samarbeid med kommunen, sa Hennø.

Desse kontrollromsoperatørane ser til at alt er som det skal vera på anlegget. frå venstre; Ronny Fjeldstad, Amund Moldeklev, Daniel Monsen og Elisabeth Eide Algrøy. - Klikk for stort bileteDesse kontrollromsoperatørane ser til at alt er som det skal vera på anlegget. Frå venstre; Ronny Fjeldstad, Amund Moldeklev, Daniel Monsen og Elisabeth Eide Algrøy. Vigleik Brekke   

Drifta av prosessanlegget på Kollsnes starta i 1996 og er ein del av Troll-utbygginga. Anlegget behandlar om lag 144 millionar standard kubikkmeter gass pr. døger. I tillegg kjem produksjon av kondensat som vert ført i røyr til oljeraffineriet på Mongstad.

Bjarte Padøy har teke over som ny direktør (plassjef) for Stureterminalen og Kollsnes Prosessanlegg. Han kunne fortelja at han på tysdag hadde sin andre dag i den nye jobben.

Her kan du lesa om sakene formannskapet behandla.

Tekst: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå omvisinga:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete