Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

27 saker i kommunestyret 17. juni

Det er eit langt sakskart på det siste kommunestyremøtet i Øygarden før ferien. 27 saker skal behandlast på møtet som vert halde i Hjeltefjorden Arena.

På møtet skal kommunestyret ta stilling til framtidig omsorgstilbod i Øygarden. På kommunestyremøtet den 20. mai fekk ordførar Tom Georg Indrevik overlevert "Gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester" av Kristin Børve Jacobsen (Frp) i ei arbeidsgruppe som har arbeidd med dette temaet. - Klikk for stort biletePå møtet skal kommunestyret ta stilling til framtidig omsorgstilbod i Øygarden. På kommunestyremøtet den 20. mai fekk ordførar Tom Georg Indrevik overlevert "Gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester" av Kristin Børve Jacobsen (Frp) i ei arbeidsgruppe som har arbeidd med dette temaet.  

Møtet vert altså halde i Hjeltefjorden Arena på Rong og tek til klokka 09.00. Møtet vert sendt på kommune-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Nokre av sakene i kommunestyret blir også behandla i eit formannskapsmøte den 16. juni. Det gjeld årsmelding og rekneskap for Øygarden kommune, årsmelding og rekneskap for Øygarden bustadutvikling KF og årsmelding og rekneskap for Øygarden brann og redning KF.