Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

#1omdagen kan gjera dagen litt betre

I desse koronatidene, kan lett dei vanlege aktivitetane forsvinna. Med bodskapen #1omdagen vil Norsk Friluftsliv inspirera alle, som  har høve til det, å koma seg ein tur ut kvar dag.

Klikk for stort bileteFoto: Gard Eirik Arneberg

#1omdagen er ei oppmoding om å koma seg ut i frisk luft dagleg. Det passar dermed godt som eit nyttårsforsett for alle som ønskjer å gjera noko godt for seg sjølv denne spesielle vinteren.

–Vi gjer dette fordi vi veit at det å koma seg ut i frisk luft senkar stressnivået vårt, og gjer at vi har det betre, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier.

Fordelane med å koma seg ut i naturen er godt dokumentert. Ein amerikansk studie frå 2020 viste til dømes at berre 10 minutt i naturen kan vera nok til å hjelpa oss å senka skuldrene.

Klikk for stort bileteFoto: Synne Kvam

Treng ikkje gå langt

Terskelen for å vera med vert tilpassa den enkelte. Ein treng ikkje vera spesielt aktiv for å delta. Berre det å ta ein kopp kaffi i det fri, kjem godt med.

–#1omdagen kan vera alt frå å setja seg på ein benk eller ein stubbe, til å rusla ein liten tur, eller finna ein stad utandørs der du kan nyta kveldsmaten. Målet er berre at du kjem deg ein tur ut døra, seier Lier.

Norsk Friluftsliv håpar at så mange som mogleg ønskjer å delta på utfordringa, og oppmodar derfor også kommunar, frivilligsentralar, lokale lag og foreininga og andre til å vera med og spreia bodskapen.

Del gjerne bilete eller video på Facebook eller Instagram med #1omdagen.

Ti tips til måtar å få ein tur ut kvar dag

  • Klikk for stort bileteFoto: FriluftsflokkenGå ein tur og ring ein ven eller lytt til favorittpodkasten din
  • Luft hunden til nokon
  • Ta lunsjen eller middagen ute i dag
  • Lån utstyr hjå din næraste BUA eller utlånssentral og prøv ein ny friluftsaktivitet
  • I Øygarden har vi BUA på Ågotnes
  • Gå ut og tenn eit bål med ein nærkontakt
  • Gå en tur med hovudlykt
  • Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i næraste bakke.
  • Nyt morgonkaffien ved husveggen eller på ein benk
  • Utforsk en ny veg i nabolaget. Hugs at det er mange turløyper i Øygarden
  • Gå på skeiser eller turskeiser

Ønskjer du fleire tips til ting å finna på ute? Sjå mange fleire tips til #1omdagen her