Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

17. mai-feiring i skuletida og bilkortesje på nasjonaldagen

Kommuneleiinga hadde møte med representantar for 17. mai-komitéane torsdag kveld. Det er semje om at det ikkje vert markering på skulane og skuleplassane på sjølve nasjonaldagen. Men storstilt feiring skal det likevel bli.

Det vert 17. mai-feiring med avstand i år også. Arkivfoto. På biletet; ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen - Klikk for stort bileteDet vert 17. mai-feiring med avstand i år også. Arkivfoto. På biletet; ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen  

Det vert gjennomført fire bilkortesjar i om lag dei same traséane som i fjor i nord, vest, aust og sør. I tillegg er 17. mai-komitéane i full gang med å planleggja for feiring for elevane på skulane i skuletida.

- Vi har fått fleire meldingar om planar om 17. mai-feiring på skulane i skuletida. Vi set stor pris på det store engasjementet de viser, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen opplyste at så langt er det påmeldt 20 køyretøy til bilkortesjane. Jarl Martin Hestad i Øygarden brann og redning oppmoda sterkt om at folk melda seg på til bilkortesjen. På Stranda har dei lova å dela ut korg med snacks til sjåførane.

- Det er berre fantasien som set grenser. Køyr på, vi set ingen grenser. Det er ikkje stor fart i kortesjane, og det går fint å møta opp med traktor, sa Hestad. Her kan du melda deg på bilkortesjen. Hugs å vidareformidla informasjon om påmelding på sosiale medium.

Løypetraséen vert  om lag som i fjor, men den kan henda at ein får tid til å ta turen til Turøyna og kanskje Tofterøy. Det vert direkte videooverføring (minutt for minutt) av kortesjane, og det vert gjort filmopptak frå skular og barnehagar som vert sendt på direktesendinga 17. mai.

På heimesida til Øygarden ligg det informasjon om 17. mai-feiringa. Der er det kart over løypetraséane og elektronisk påmeldingsskjema til bilkortesjane. Frist for påmelding er 10. mai.

På nasjonaldagen er skulekorps og brassband utfordra til å delta med musikk. Det skal også gjennomførast ei rekkje kransenedleggingar. Dette skal fortrinnsvis skje i forkant av bilkortesjane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke