Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

13 millionar til næringslivet

Denne veka har 99 verksemder i Øygarden fått utbetalt til saman 13 millionar kroner i ekstraordinær støtte. Øygarden næringsutvikling KF har på vegner av kommunen har fått oppdraget med å fordela midlane til verksemder som særleg er hardt ramma av lokale og nasjonale smitteventiltak.

Rågjevar i Øygarden næringsutvikling KF, Hanne Misje Lokøy seier at juryen har hatt stor fokus på å redda lokale arbeidsplassrar når ein vurderte søknadene. - Klikk for stort bileteRågjevar i Øygarden næringsutvikling KF, Hanne Misje Lokøy, seier at juryen har hatt stor fokus på å redda lokale arbeidsplassrar når ein vurderte søknadene.  

I 2021 har staten løyvd 18 millionar kroner i krisemidlar. Tidlegare i år er det tildelt 4,3 millionar kroner i slik støtte. I denne runden kom det inn totalt 113 søknader om støtte.

Rådgjevar i Øygarden næringsutvikling, Hanne Misje Lokøy, seier at det er kome inn søknadar frå alle typar bransjar.

- Likevel er det reiseliv, service, oppleving og servering som er dei bransjane som er hardast råka. I desse kategoriane har nokre av søkjarane mista heile marknaden sin som følgje av restriksjonar, seier Misje Lokøy.

Leverandørar til desse næringane, til dømes sjømatprodusentar og annan industri, er også hardt råka. Bedrifter innan detaljhandel, nasjonale og internasjonale nisjebedrifter og fotballklubbar har alle fått kjenna på smerta pandemien har påført dei med fråfall av kundar. 

Juryen har vore samansett av representantar frå Vest Næringsråd, Vekstportalen og Øygarden Næringsutvikling med styret.

- Vi har hatt stort fokus på å redda lokale arbeidsplassar, og å oppretthalda lokalt engasjement. Dei som har fått størst del av dei tildelte midlane er dei som er hardast ramma av korona-krisen og slit med likviditet, seier Hanne Misje Lokøy.

Her er oversikt over kven som har fått støtte. (PDF, 282 kB)