12 timars gratis SFO for 1. klassingar frå hausten 2022

Regjeringa har signalisert at frå skulestart hausten 2022 får alle barn på 1. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at dei som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare.

Endringane innføres i ei forskrift som for tida er på høyring, det kan kome endringar. Vi informerer om det framtidige tilbodet slik høyringsutkastet legg opp til.  

12-timars gratis blir ein del av eksisterande tilbod

Øygarden har i dag eit tilbod med SFO som strekk seg frå heiltidsplassar med 22,5 timar i veka (heiltidstilbod), til deltidsplassar på 7,5 timar i veka (morgonopphald). For ein elev i 1. klasse 2022/2023 med heiltidsopphald vil 12-timars gratis SFO bety over halvering av pris.  For ein elev med deltidsplass på 7,5 timar vil tilbodet bli gratis.

12 timars gratis SFO kjem i tillegg til andre ordningar

Det betyr at:

  • om husstanden har inntekt som gjer redusert foreldrebetaling i SFO så trekkast denne også frå.
  • om husstanden har søskenmoderasjon trekkast denne også frå.

Avsnittet er presisert og oppdatert 29.08.2022.

Søk om SFO-plass til barnet ditt frå hausten 2022/2023

Søk om SFO-plass