Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

11 har søkt stillinga som kommunedirektør

Søkjarlista til stillinga som kommunedirektør i Øygarden ligg no føre. Etter at to personar har trekt søknaden sin, står det igjen ni søkjarar til stillinga.

11 søkte stillinga som øvste leiar på Øygarden rådhus - Klikk for stort bilete11 søkte stillinga som øvste administrative leiar på Øygarden rådhus  

Mellom søkjarane er konstituert kommunedirektør i Øygarden, Rune Landro og tidlegare plan- og utbyggingssjef i Fjell kommune, Berit Karin Rystad

Her er søkjarlista: Offentleg søkjar lista kommunedirektør Øygarden kommune

  • Berit Karin Rystad (55), Sektorleiar for samfunnsutvikling, Bergen
  • Geir Jøsendal (67), Juridisk rådgjevar i Midtre Gauldal kommune, Midtre Gauldal
  • Anna Stephansen (40), Sekretariatsleiar REK Vest, Bergen
  • Rune Landro (63), Konstituert kommunedirektør/Konstituert kommunalsjef/Ass. Kommunalsjef, Øygarden
  • Kjetil Skjeie (58), dagleg leiar Øygarden
  • Stig Hauge Bendiksen (51), Administrasjons- og organisasjonsdirektør, Konkurransetilsynet, Øygarden

Tre søkjarar er unnateke offentlegheit (eí kvinne og to menn).

To søknader er trekt (to menn).

Tekst og foto: Vigleik Brekke