Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

10. klassing på Fjell ungdomsskule vann iPad

Ove Foldnes i Sotra Rotary Club troppa uventa opp i klasse 10A på Fjell ungdomsskule i dag.

Klasse 10A på Fjell ungdomsskule fekk eit overraskande besøk i dag. - Klikk for stort bileteKlasse 10A på Fjell ungdomsskule fekk eit overraskande besøk i dag. 

Målet med besøket var å overlevera ein iPad til Marielle Christin Steffensen som vart trekt ut som den eine av dei 60 deltakarane i konkurransen i samband med utdanningsmessa den 9. februar. Det kan trygt seiast at dette vart eit populært besøk.

Det vart ei heilt spesiell utdanningsmesse dette året. På grunn av koronaviruset vart det ei heildigital messe som vanleg gjennomført av Sotra Rotary Club.

Lærar Anita Færøy Klivnoy var til stades då Marielle fekk overrekt Ipaden på fredag.

- Den digitale utdannings- og yrkesmessa til Sotra Rotary Club var spennande og interessant. Det var ein fin kombinasjon av live stream og stands, som hadde kul utforming. Sotra Rotary har følgd opp både føresette, lærarar og rådgjevar slik at alle var godt førebudde i forkant, seier Færeøy Klivnoy.

Diverre vart det dårlege trådlause nettverket til skulen ein liten strek i rekninga ved live stream på alle klasserom, men skulen fann løysingar. Skulen sytte for at alle fikk høve til besøk på messa, og alle er oppmuntra til å gå inn igjen heimafrå og ta med føresette.

- Vi takkar Sotra Rotary for god alternativ messe. Elevane våre er heldige. Vi håpar på live messe i Sotra Arena neste år, seier Anita Færeøy Klivnoy.

Tekst: Vigleik Brekke
Fioto: Anita Færøy Klivnoy

Her er fleire bilete frå besøket:

Klikk for stort bilete
Marielle Christin Steffensen vart den heldige vinnaren av iPad - Klikk for stort bilete