Stress mindre med mindfulness

Kurset har som mål å gjere deltakaren meir bevisst på situasjonar og egne reaksjonar som løyser ut ubehag og stress. Trening på å ha fokus på kor merksemda vår er har vist å ha dokumentert effekt på stressrelaterte plager.

 

Dato
4. mars 2025
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Skjenet 10, Straume

Innhald

Med kurset forsøker vi å styrke den ibuande evna vår til merksamt nærvær. Merksamt nærvær kan definerast  som auka merksemd på det som skjer i augeblikket med ei open,  ikkje dømmande haldning.

Kurset går over 6 dagar, 2 timer per gang. Kurset legg i hovudsak opp til trening gjennom praktiske øvingar. Dette fordi ein tenkjer at vi lærer best gjennom eigne erfaringar.  Øvingane blir supplert med noko teoretisk undervisning.

Du trenger å ta med egen matte til øvingane på og gjerne eit pledd. Om du ønsker kan du også ta med deg ei pute. Lause klede kan være en fordel.

NB! Best utbytte av kurset blir det når deltakaren arbeider med øvingane på eigehand mellom kursdagane.

Målgruppe

Personar som ønskjer å forstå og meistre stress betre.

Kursdagar 2025

Stad: Skjenet 10, 2. etg lokale til Rus og psykisk helse
Tid: 13.00 - 15.00

  1. Tysdag 4. mars
  2. Tysdag 11. mars
  3. Tysdag 18. mars
  4. Tysdag 25. mars
  5. Tysdag 1. april
  6. Tysdag 8. april

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

Meld deg på kurset her 

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.