Meistring av depresjon, stress og belastning

Kurset viser korleis du kan ved hjelp av kognitive teknikkar, bli meir merksam på korleis tankar, kjensler, handlingar og åtferd gjensidig påverka kvarandre. Kurset går over fem kursdagar, à to timar per veke. 

Dato
24. august 2022
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Digitalt arrangement

Målgruppe

Dette er eit lågterskeltilbodet for innbyggjarane i Øygarden kommune og  passe godt for personar med lettare til moderate psykiske vanskar knyta opp mot depressive symptom, stresskjensle, eller ei oppleving av ein belastande kvardag.

Kurs via nett

Nettkurset blir halden via videoplattforma Whereby. Dette er ei sikker løysing for pasientkontakt. Du som deltakar får tilsendt på mail kursmateriellet og link før oppstart. Du treng ingen pålogging. Alt du treng er kamera, mikrofon og internett. Vi tilrår at du bruke PC/mac (anbefalt), evt. nettbrett.

Kursleiar slepp deg inn i rommet når kurset startar. Det kan ikkje komme andre inn undervegs enn dei kursleiar slepp inn. Inne i rommet møter du dei andre kursdeltakarane og det er rom for å  snakke med andre undervegs.  Det er også ein chatfunksjonen om ein vil skrive spørsmåla. Vi kan også dele deltakarane inn i mindre snakkegrupper.

Kursleiar delar skjerm med presentasjon av stoffet. Det er kjekt om du kan ha på kamera kursdagane.

Før kurset blir du inviterer vi deg til ein videosamtale for å konkretisere kva du ynskjer å få ut av kurset, i tillegg til at du kan få sjå korleis videoplattforma fungerer og spørje eventuelle spørsmål du måtte ha.

Dato | Tid | Stad

Onsdagar kl. 13.00 - 15.00

  • Onsdag 24. august | Tema: Introduksjon, korleis kan vi forstå depresjon og stress
  • Onsdag 31. august | Tema: Stressmeistring og sjølvmedkjensle
  • Torsdag 8. september | Tema: Kjensler og sjølvhevd
  • Onsdag 15. september | Tema: Sosial kontakt og jobbmeistring
  • Onsdag 21. september | Tema: Søvn, grubling og bekymring, oppsummering og vegen vidare

Stad: Digitalt kurs

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding/spørsmål om kurset

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Evaluering av kurs

Her finn du evaluering av kurs i mestring av depresjon, stress og belastning