Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Språkkafé for innvandrarar

Velkomen til Språkkafé på Straume bibliotek. Ein sosial møteplass for innvandrarar som ønskjer å praktisera norsk munnleg. Vi serverar eit lite varm måltid, kaffi og te.

Dato
19. oktober 2021
Tid
13:00 - 14:30
Stad
Øygarden bilbliotek - Straume

Samarbeid

Språkkafé er eit tett samarbeid mellom Øygarden frivilligsentral, Øygardsbiblioteka og flyktningtenesta. Her møtast vi kvar veke for uhøgtideleg prat og språktrening. Biblioteket har lokale og gjer klart bord og stolar og frivilligsentralen har kontakt med dei frivillige. For nokre av deltakarane er språkkafé ein del av timeplanen når dei går på introduksjonsprogrammet, mens andre er med fordi dei ønskjer å praktisera norsk og møte nordmenn. Tilbodet er gratis og open for alle!

Bli frivillig

Tilbodet er veldig populært og vi ønskjer oss fleire dyktige frivillige som ønskjer å vera snakkepartnar! Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera med? Alle som snakkar norsk kan bidra! Er du innvandrar og ønskjer å øve norsk er du også velkomen!

På nettsida frivillig.no finn du meir informasjon og påmelding. Du kan også ta kontakt med frivilligsentralen på e-post frivillig@oygarden.kommune.no eller telefon 480 36 989.

Andre tidspunkt

  1. Tysdag, 05.10.2021 13.00 - 05.10.2021 14.30
  2. Tysdag, 19.10.2021 13.00 - 19.10.2021 14.30
  3. Tysdag, 26.10.2021 13.00 - 26.10.2021 14.30
  4. Tysdag, 02.11.2021 13.00 - 02.11.2021 14.30
  5. Tysdag, 09.11.2021 13.00 - 09.11.2021 14.30
  6. Tysdag, 16.11.2021 13.00 - 16.11.2021 14.30
  7. Tysdag, 23.11.2021 13.00 - 23.11.2021 14.30
  8. Tysdag, 30.11.2021 13.00 - 30.11.2021 14.30
  9. Tysdag, 07.12.2021 13.00 - 07.12.2021 14.30
  10. Tysdag, 14.12.2021 13.00 - 14.12.2021 14.30