Målgruppe
Kurset er for familiar som har barn i alder 8–12 år (+/-) med uønskt vektauke eller overvekt. Kurset er for familiar som vil:
- ta gode val i kvardagen – for heile familien
- bli meir medvitne på eigne val
- jobba med grensesetting
- finna gode alternativ til kos og påskjønning
Innhald
Tema for samlingane er:
- Kom i gang - Korleis koma i gong med endring
- Klare mål - Korleis oppnå gode vanar
- Ta kontroll - Om å setja grenser og ta ansvar for gode val og vanar
- Behovet bak følelsen - Om regulering av følelsar
- Kva viss... - Gode grunnar til å ta gode val
- Å vera til stades - Korleis eta for god helse
- Full fart - Om kvardagsaktivitet og ein kropp i bevegelse
- Smart mat for god helse - Om kva kroppen treng for å veksa og fungera som den skal
- Tankens kraft - Korleis tankane påverkar handlingane våre, og korleis få fram dei gode tankane
- Hald ut! - Om vegen vidare – på eigenhand
Vi jobbar med desse tema på ulike måtar, både gjennom samtale og refleksjon, praktiske øvingar og fysisk aktivitet, rørsleglede og heimeoppgåver.
Første samling er for foreldre, resten av samlingane er for både foreldre og barn. Nokre dagar er vi samla, og nokre dagar vil foreldre og barn bli delt i grupper kvar for seg.
Omfang/kursdatoar
Kurset har 8 samlingar på to timar over 6 månader.
2025/2026:
- Onsdag 19. november kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 10. desember kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 7. januar kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 28. januar kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 18. februar kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 11. mars kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 8. april kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 29. april kl. 17.15 - 19.15
Pris
Kurset kostar totalt kr. 600,- per familie som inkluderer kveldsmat og kursmateriell.
Påmelding
Ta kontakt med skulehelsetenesta (helsesjukepleiar/skulelege) for spørsmål og påmelding. Du kan óg kontakte Friskliv og meistring på e-post: Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 50
Arrangør
Friskliv og meistring.