-
Dato
-
4. mars 2020
-
Tid
-
12:00 - 13:30
-
Stad
-
Tednebakkane omsorgssenter
Dato | Tid | Stad
- Onsdag 19. februar kl 12.00 - 13.30 på Aktivitetssenteret i Skogsvåg
- Onsdag 26. februar kl 12.00 - 13.30 på biblioteket på Straume
- Onsdag 4. mars kl 12.00 - 13.30 i kjøken på Tednebakkane på Rong
Først går vi gjennom kurset som er utvikla av Nasjonalforeningen. Så lagar vi til enkle men gode retter som vi et saman til lunsj.
Dei som tek med seg ein person som har demens, kan nytta vedlagte informasjonsskriv for å informera pårørande (PDF, 147 kB). Kurset er ope for alle interesserte. Du forpliktar deg ikkje til noko og du treng ikkje vera medlem av Nasjonalforeningen.
Målgruppe
Kurset er for alle.
Om kurset
Dette kurset er utvikla av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Vi er ein interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande, som jobbar for å bekjempe demens og for at alle som har demens skal ha et best mogeleg liv.
Nasjonalforeningen for folkehelsen har utvikla Aktivitetsvenntilbodet, som drivast lokalt i over 220 kommunar i Norge. På landsbasis er det rundt 3000 aktivitetsvenner.
Kurset gir deg som frivillig en innføring i:
- kosthold retta mot eldre og personar med demens
- kva som er viktig i kommunikasjonen med personar med demens
- rolla som frivillig
Underveis i kurset vil det reflekteres over ulike tenkte situasjonar.
Vi vil understreka at du som frivillig ikkje skal profesjonaliserast. Gjennom dette kurset ønskjer vi å gje deg kunnskap som er nyttig i samspel med ein som har demens.
Påmelding
Meld deg på kurset til Arild Sørensen på telefon 901 71 119 eller på e-post a-so2@online.no
Velkomen skal de vera! Ta kontakt om det er spørsmål.
Nettkurs
Link til deg som helst vil ha kunnskap om temaet som e-læringskurs eller ikkje kan delta på kurset av andre årsaker.