Intensiv traumebehandling

Intensiv online traumebehandling. Behandlingstilbodet er basert på den godt dokumenterte traumebehandlingsmetoden EMDR (Eye Movement Desensitization and Reprocessing), og målet er å gi lindring frå tidlegare opplevingar som på fleire måtar plager deg og forringer din livskvalitet i dag. 

 

Dato
17. januar 2024
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Digitalt kurs

Innhald

Opplegget er intensivt, det vil sei at behandlinga blir komprimert over ein periode på nokre dagar. Dette betyr at vi ventar at du raskare oppnår lindring, men og at det vil krevje ein del av deg som deltakar. Vi ber derfor om at du sørger for å ha moglegheit til å delta på alle behandlingssesjonar og møter alle  dagane.

Behandlinga vil skje online, med ei enkel påkopling som du vil få hjelp til å få til. Fysisk aktivitet vil bli vektlagt som del av behandlinga, og vi vil i samråd med deg som deltakar finne aktivitet som passar for deg. I forkant av behandling vil vi gjere ei kartlegging og lage ein plan for behandlinga med kvar enkelt deltakar.

Målgruppe

Vi søkjer pasientar som har vore utsett for traumatiske hendingar, nyleg eller tidlegare i livet, som opplever ein eller fleire av følgande symptom når dei vert minna på hendinga eller kjem i situasjonar som liknar på det dei opplevde;

  • påtrengande minne
  • sterk kroppsleg aktivering
  • unngår påminnare

Vårt tilbod enger seg for pasientar, som til tross for det dei har opplevd, har eit tilnærma normalt funksjonsnivå, arbeidsmessig og sosialt. Eller der funksjonsnivået er vurdert midlertidig mildt/moderat svekka.

Kursdagar

To økter med 90 min behandling kvar dag (minus helg).
Stad: digitalt kurs, du får tilsendt link via e-post.

Kurs våren 2024

Kurs 1

  1. Onsdag 17. januar
  2. Torsdag 18. januar
  3. Fredag 19. januar
  4. Måndag 22. januar
  5. Tysdag 23. januar

Kurs 2

  1. Onsdag 29. mai
  2. Torsdag 30. mai
  3. Fredag 31. mai
  4. Måndag 3. juni
  5. Tysdag 4. juni

Kurs hausten 2024

Kurs 1

  1. Onsdag 21. august
  2. Torsdag 22. august
  3. Fredag 23. august
  4. Måndag 26. august
  5. Tysdag 27. august

Kurs 2

  1. Onsdag 27. november
  2. Torsdag 28. november
  3. Fredag 29. november
  4. Måndag 2. desember
  5. Tysdag 3. desember

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

Meld deg på kurset her 

Du blir kontakta for ei samtale der vi saman med deg, avklarer om du er kandidat for behandlinga. 

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Velkomen!

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 17.01.2024 13.00 - 17.01.2024 15.00
  2. Onsdag, 29.05.2024 13.00 - 29.05.2024 15.00
  3. Onsdag, 21.08.2024 13.00 - 21.08.2024 15.00
  4. Onsdag, 27.11.2024 13.00 - 27.11.2024 15.00