Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Matglede - Meir enn berre mat

Er du interessert i å vera med på eit lite minikurs om kosthald for heimebuande eldre med demens? Leiar av Aktivitetsven Arild Sørensen held kurset saman med Unni Sørensen frå Øygarden kommune. Kurset vert held i ditt nærmiljø, difor kan du velje både dag og stad.

Dato
19. februar 2020
Tid
12:00 - 13:30
Stad
Aktivitetssenteret i Skogsvåg

Klikk for stort bilete

 Dato | Tid | Stad

  • Onsdag 19. februar kl 12.00 - 13.30 på Aktivitetssenteret i Skogsvåg
  • Onsdag 26. februar kl 12.00 - 13.30 på biblioteket på Straume
  • Onsdag 4. mars kl 12.00 - 13.30 i kjøken på Tednebakkane på Rong

Først går vi gjennom kurset som er utvikla av Nasjonalforeningen. Så lagar vi til enkle men gode retter som vi et saman til lunsj.

Dei som tek med seg ein person som har demens, kan nytta vedlagte informasjonsskriv for å informera pårørande (PDF, 147 kB). Kurset er ope for alle interesserte. Du forpliktar deg ikkje til noko og du treng ikkje vera medlem av Nasjonalforeningen.

Målgruppe

Kurset er for alle.

Om kurset

Dette kurset er utvikla av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Vi er ein interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande, som jobbar for å bekjempe demens og for at alle som har demens skal ha et best mogeleg liv.

Nasjonalforeningen for folkehelsen har utvikla Aktivitetsvenntilbodet, som drivast lokalt i over 220 kommunar i Norge. På landsbasis er det rundt 3000 aktivitetsvenner.

Kurset gir deg som frivillig en innføring i:

  • kosthold retta mot eldre og personar med demens
  • kva som er viktig i kommunikasjonen med personar med demens
  • rolla som frivillig

Underveis i kurset vil det reflekteres over ulike tenkte situasjonar.

Vi vil understreka at du som frivillig ikkje skal profesjonaliserast. Gjennom dette kurset ønskjer vi å gje deg kunnskap som er nyttig i samspel med ein som har demens. 

Påmelding

Meld deg på kurset til Arild Sørensen på telefon 901 71 119 eller på e-post a-so2@online.no

Velkomen skal de vera! Ta kontakt om det er spørsmål.

Nettkurs

Link til deg som helst vil ha kunnskap om temaet som e-læringskurs eller ikkje kan delta på kurset av andre årsaker.