Klima og helse. Kva er situasjonen og kva må gjerast?

tysdag 23. april 2019, 12.00 - 13.00

Informasjon

Senioruniversitetet Øygarden og Sotra innviterer til foredrag. Arrangementet er støtta av Folkeakademiene i regionen, og er i samarbeid med Aktiv + Alle er velkommen. Gratis for SØS medlemmer, andre kr 50 Gunnar Kvåle: Klima og helse. Kva er situasjonen og kva må gjerast? Klimaendringane og kva som kan gjerast for å hindra alvorlege konsekvensar blir tema ved Øygarden senioruniversitet, tysdag 23. april. Gunnar Kvåle, lege og professor emeritus ved Universitetet i Bergen, vil snakka under overskrifta: «Klima og helse. Kva er situasjonen og kva må gjerast». Den siste rapporten frå FN sitt klimapanel frå oktober 2018 fortel oss om kva som må til for å hindra at den globale oppvarminga blir meir enn 1,5 grader. Alt no, ved ei oppvarming på rundt ein grad opplever med ekstremvær med sterkare stormar, meir nedbør og flom i nokon område og tørke og brannar i andre. Klimaendringane er det størte trugsmålet for global helse i vårt hundreår. Det er no eit gryande klimaopprør, særleg mellom skulestreikande ungdom verda rundt, mange titusen også i Noreg. Dette har skapt ei ny kraft i klimaarbeidet. I førelesninga vil Kvåle snakka om dagens situasjon når det gjeld klimaendringane, skader som vi ser no og kva som kan ventast i åra som kjem, spesielt når det gjeld folkehelse og sjukdom. Han vil gje ei oversikt over kva som må til for å redusera klimagassutsleppa slik Paris-avtalen om klima frå desember 2015 krev. Kvåle har vore tilsett ved Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen helse sidan 1990, i nokre år som leiar. Han har arbeid med utdanning og forsking omkring helseproblem i fattige land, særlig i Afrika. I seinare år har han vore spesielt oppteken av korleis ein kan redusera vidare klimagassutslepp for slik å kunna avgrensa skader på liv og helse. Kvåle er styremeldlem i Besteforeldra sin aksjon mot global oppvarming og leiar for lokallaget i Bergen. For dei som er interessert i å høyra litt om korleis denne organisasjonen arbeider, vil Kvåle orientera om dette i etterkant av møtet i senioruniversitetet.

Pris vaksen: 50

Stad

Sotra Arena
 

Kontakt

Senioruniveritetet Øygarden og Sotra
 

E-post : henning.ebbesen@gmail.com

Ansvarleg

Kristin Heen
 

E-post : kristinheen@gmail.com

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk