Fra Nora til Karl Ove
tysdag 22. januar 2019, 12.00 - 13.00
Senioruniversitetet Øygarden og Sotra
inviterer til foredrag.
Jan H. Landro: Fra Nora til Karl Ove - og 84 andre personar i norsk litteratur.
Klippet fra ARK.NO sin bokomtale:
Om Frå Nora til Karl Ove
Gullrekkja i norsk litteratur! Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro portretterer og skildrar korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i nokre av dei beste norske bøkene gjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar». Her får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Askeladden, Wergelands Stella og Petter Dass. Du kan lese om opprørske Inger-Johanna i Familien på Gilje, Tusten hos Tarjei Vesaas og den gåtefulle «Lillelord» hos Johan Borgen. Ikkje minst får du vite meir om personar frå vår tids litteratur, som incest-offeret Bergljot hos Vigdis Hjorth, kemneren Bjørn Hansen hos Solstad og den heilt gjennomsnittlege Harry Lund i Gryttens Bikubesong. Frå Nora til Karl Ove er ei engasjerande og underhaldande bok, som opnar opp den norske litterære gullrekkja for gamle og nye lesarar.
Alle er velkommen. Arrangementet er støtta av Folkeakademiene i regionen og er i samarbeid med Aktiv +
Gratis for medlemmer i SØS, andre kr 40
Pris vaksen: 40
Kontakt
Senioruniveritetet Øygarden og Sotra
E-post : henning.ebbesen@gmail.com
Legg til hendinga i din kalender