Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Partnarskapsavtale mellom Øygarden kommune og SINTEF

Du vert invitert til oppstartsarrangement for å høyra meir om avtalen og koma med innspel til det du meiner er viktig for at samarbeidet skal bidra til at Øygarden kommune skal bli eit fyrtårn i vest!

Klikk for stort bilete

Dato
21. juni 2021
Tid
12:00 - 14:00
Stad
Microsoft Teams

Øygarden kommune ønskjer SINTEF som samarbeidspartnar innanfor forsking og utvikling. Dette gjer vi som eit ledd i å realisera visjonen om å bli eit fyrtårn i vest. Samarbeidet vil omfatta både kommunen som organisasjon og tenesteytar, og som sentral aktør innan nærings- og samfunnsutvikling.

SINTEF inngår i partnarskapet for å kunna betra tilgangen til forskingsbasert kunnskap og kompetanse på internasjonalt nivå. SINTEF er med i partnarskapet for aktivt å kunna bruka nettverket sitt av relevante forskingsmiljø for å bidra til berekraftig samfunns- og næringsutvikling.

Arrangementet vert gjennomført på Teams. Lenkje til Teams-arrangementet vert sendt til alle som melder seg på.

Program

12.00 - 12.55       

  • Ambisjonar og forventningar i Øygarden kommune
    Ordførar Tom Georg Indrevik
    Konstituert kommunedirektør Rune Landro
  • Forventningar i SINTEF
    Konsernsjef Alexandra Bech Gjørv (SINTEF)
  • Erfaringar frå partnarskap
    Samtale v/Håvard Solem og Sigmund Kvernes (SINTEF)

Pause                  

13.05 - 13.40 Faglege innlegg og diskusjon (parallelle sesjonar)

  • Karbonfangst og lagring
    Om moglege ringverknader og lokale/regionale moglegheiter med Langskip og Northern Lights. Utvikla lokale verdikjeder, oppretthalde styrkja og utvikla  industri. Dela kompetanse, bidra til innovasjonsprosjekt med offentleg støtte, kunnskapsoverføring og lokalt engasjement. 
    Lars Harald Vik, Forskar (SINTEF Community)
  • Mobilitet
    Om sikker, effektiv og miljøvennleg utvikling av infrastruktur og transport av folk og gods i by og rurale strøk. Om berekraftige løysingar for transport på land og sjø. Morgondagens transportsystem digitalisert og automatisert. 
    Roar Norvik, Forskingssjef (SINTEF Community)
  • Innovasjon og omstilling i kommunesektoren
    Om å skapa og vidareutvikla innovasjonskraft og gjennomføra omstilling i kommunal sektor. Ansvarsdeling mellom politisk og administrativ leiing. Samarbeid på tvers av etatar og sektorar. Korleis jobba med innovasjonar og sikra nytenking og kompetanse gjennom medarbeidardreven innovasjon og partssamarbeid. 
    Lone Sletbakk Ramstad, Forskingsleiar (SINTEF Community)

13.40 - 14.00 Oppsummering

Påmelding

Vel kva parallellsesjon du ønskjer å vera med på. Frist for påmelding 17. juni.



Felt merka med * må fyllast ut

Kontakt oss

For meir informasjon ta kontakt med: 

Håvard Solem 
Senior prosjektleiar 
havard.solem@sintef.no 
924 63 935 

Vigleik Brekke  
Informasjonsansvarleg Øygarden kommune 
vigleik.brekke@oygarden.kommune.no 
915 81 107