Senioruniversitetet Øygarden og Sotra. «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» Ei poetisk framsyning skriven av Agnete G. Haaland og Linda Fosse.

tysdag 13. mars 2018, 12.00 - 13.00

Informasjon

PROGRAMENDRING. Foredraget om Striladialekten går ut. Inn kommer:

Aslaug Låstad Lygre sitt liv og diktning! Ei poetisk framsyning skriven av Agnete G. Haaland og Linda Fosse.

«Vi skal ikkje sova bort sumarnatta»
Vi fylgjer lyrikaren Aslaug Låstad Lygre gjennom ulike fasar av livet og diktinga hennar. Det heile er bunde saman av dikt og songar. Aslaug er rekna for å vera ein av Noregs største kvinnelege lyrikarar i etterkrigstid. Ho er mest kjend for diktet «Vi skal ikkje sova» som Geirr Tveitt har sett melodi til. Dei færraste veit at medan ho skreiv dette diktet låg ho dødssjuk i tuberkulose. Kva meir skreiv ho og kva andre hendingar i livet hennar kan ha påverka diktinga hennar? Aslaug Låstad Lygre var fødd på Lindås i Hordaland i 1910. ”No blømer alle rosene” kom ut i 1943 og var den fyrste av i alt seks diktsamlingar ho gav ut. Lygre vert ofte omtala som Vestlandet si Haldis Moren Vesaas, ei samanlikning som vert tydeleg for dei fleste når dei les dikta hennar. Ho skreiv i tillegg til dikt både prologar, kronikkar og skodespel. Ho døydde av kreft i 1966, berre 56 år gamal.
Utgjevingar:
1943 No blømer alle rosene
1948 Eld av steinar
1952 Den einsame roaren
1957 Rit di rune
1960 Fest i september
1964 Primulakveld,

Framsyninga er skrive av Agnete G. Haaland og Linda Fosse. Regi er ved Agnete G. Haaland. Aktør Linda Fosse. Framsyninga varer i omlag 35 min. Scenerom: 2x3m Då dette er ei framsyning med ei intim ramme, er det ynskjeleg å halde publikumstalet under100 personar. Målgruppa: ALLE.
 Dette er ei framsyning som høver like godt for småtrinn, mellomtrinn- og ungdomsskuletrinn, som for vidaregåande skule eller for eit godt vakse publikum. Her går poesi, historie, teater, musikk og det nynorske språket hand i hand.

Linda Fosse kort om seg sjølv: Eg er freelance skodespelar /songar fødd og oppvaksen i Alversund i Lindås Kommune, Hordaland. Gjekk i 1992-93 Revyskulen på Skarnes, og har sidan 1993 stort sett jobba som freelance skodespelar/songar. Har tidlegare m.a. turnert store delar av landet med ulike teater- stykke for born. T.d. ”Gummitarzan”, ”Ole Brumm” og ”Askeladden” . Var sumaren 2007 initiativtakar til å få satt opp musikalen ”Which Witch” på Seim, i Nordhordland. Hadde i tillegg til pr-ansvaret også rolla som ”Anna Regina”. Fekk i år 2000 den fyrste Ivar Medaasprisen m.a. for mitt arbeid med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre. Våren 2005 kom eg ut med mitt debut-album, Cd-en ”Eit eventyr”, der eg har gjeve ny tonedrakt til tolv av dikta til Aslaug. Tittelsporet som låg på fjerdeplass på Norsktoppen i mai 2005 er no med i framsyninga. Idag jobbar eg i tillegg som coach, inspirator og foredragshaldar med song og teater som verkemiddel.

Avisa Nordhordland skriv om framsyninga:

” - i framsyninga tek Linda publikum med på ei reise gjennom diktaren sitt liv, frå barndomen av. Gjennom gitarspel og song får vi innsikt i eit kunstnarliv, som var prega av glede og sorg." "-Dette var ein veldig fin gjennomgang av Aslaug Låstad Lygre sitt liv, og det var glimrande tolka av ein lokal kunstnar, sa rektor ved Alversund skule, Birger Tomasgard..." "-Eg tykkjer Linda lukkast i å spegla tante slik ho var. Ho hadde ei positiv haldning og var ung til sinns. Tante var ei munter kvinne med ein valdsom sans for det å oppleva, seier Einar Lygre" (nevø av Aslaug)

Stad

Sotra Arena
 

Kontakt

Senioruniveritetet Øygarden og Sotra
 

E-post : henning.ebbesen@gmail.com

Ansvarleg

Anna Øvretveit
 

Tlf.: 97088672

E-post : oygardensotra@senioruniversitetet.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk