Aktuell informasjon

Introduksjonskurs for nye frivillige

Visste du at 2022 er frivillighetens år? Kunne du tenkt deg å bruke nokre timar i veka på å hjelpe andre?

Ill.

Dato
28. april 2022
Tid
12:00 - 14:00
Stad
Biblioteket på Straume

Kanskje du vil vera med på Språkkafe, bli turven eller bingovert? Eller du har ei heilt anna idé for å engasjera deg frivillig? Kom og bli med på introduksjonskurs for nye frivillige! På introduksjonskurs får du ei innføring i korleis det er å vera frivillig og kva du kan delta på. Kurset er for alle og det er gratis.

På kurset får du blant anna innføring i:

  • kva det inneber å vera frivillig og korleis du kan bli trygg i rolla
  • kva du kan vera med på som frivillig
  • kven vi har som frivilligkoordinatorar i kommunen
  • kva for frivillige organisasjonar vi har i Øygarden
  • diskusjon og refleksjon kring teieplikt og etiske problemstillinga
  • kva vil du vera med på?

Kurshaldarar

Julia Woehlert (Øygarden frivilligsentral) og Unni Sørensen (kulturadministrasjon).

Påmelding

Meld deg på introduksjonskurs her

Kontakt oss

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt per e-post frivillig@oygarden.kommune.no