Introduksjonskurs for nye frivillige - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Introduksjonskurs for nye frivillige

Synst du dagane blir lange og er du utålmodig etter å komme i gang igjen? Kom og bli med på introduksjonskurs for nye frivillige! På introduksjonskurs får du ei innføring i korleis det er å vera frivillig og kva du kan delta på. Kurset er for alle og det er gratis.

Klikk for stort bilete

Dato
17. november 2021
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Biblioteket på Straume

På kurset får du blant anna innføring i:

  • smittevern for frivillige
  • kva det innebera å vera frivillig og korleis du kan bli trygg i rolla
  • kva du kan vera med på som frivillig
  • kven vi har som frivilligkoordinatorar i kommunen
  • kva for frivillige organisasjonar vi har i Øygarden
  • diskusjon og refleksjon kring teieplikt og etiske problemstillinga
  • kva vil du vera med på?

Kurset blir haldt i henhald til gjeldande smittevernsrestriksjonar.

Kurshaldarar

Julia Woehlert (Øygarden frivilligsentral) og Unni Sørensen (kulturadm).

Påmelding

Meld deg på introduksjonskurs her

Kontakt oss

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt per e-post frivillig@oygarden.kommune.no