Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Digital samfunnsverkstad

Korleis skal Øygarden kommune utvikla seg dei neste tolv åra?

Klikk for stort bilete

Dato
14. april 2021
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Digitalt arrangement

Ole Rasmus Øvretveit - Klikk for stort bileteOle Rasmus Øvretveit frå Initiativ Vest vil innleia arrangementet ved å snakka om korleis ein kan bygga gode lokalsamfunn saman. Ole Rasmus Øvretveit er blant anna kjent for å ha  arrangert Periferi-festivalen i ti år, og har også leia ein stor arktisk konferanse  i nord. No er han direktør i tankesmia Initiativ Vest.

Øygarden kommune inviterer til digital samfunnsverkstad 14. april. Kommunen arbeidar med samfunnsdelen til kommuneplanen, og vi vil gjerne høyra frå innbyggarar, lag og organisasjonar og andre aktørar. På samfunnsverkstaden legg vi opp til gode drøftingar om korleis vi saman kan utvikla kommunen i framtida. Dette handlar til dømes om: 

  • Korleis kan vi arbeida saman for eit lokalsamfunn som er godt å bu og leve i for alle?
  • Kva skal til for at du vert meir engasjert i utviklinga av ditt lokalsamfunn?
  • Korleis vert kommunen ein god samarbeidsaktør i møte med lag og organisasjonar, frivilligheit og sivilsamfunnet?

Påmelding

Påmeldingsfrist 13. april.




Skriv inn namn viss du representerer ei bedrift eller organisasjon.Skriv inn namn viss du representerer ei bedrift eller organisasjon.
Felt merka med * må fyllast ut