Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Innspelsmøte for barn og unge

Sei di meining om korleis kommunen skal utvikla seg.

Klikk for stort bilete

Dato
9. april 2021
Tid
17:00 - 18:30
Stad
Digitalt arrangement

Hadde kommunen vore ein betre stad å bu viss det hadde vore ein leikeplass i nabolaget ditt? Manglar det møteplassar for ungdom der du bur? Eller meinar du at helsesjukepleiar ikkje er ofte nok på skulen din?

Vi i ungdommens kommunestyre vil gjerne høyra korleis du som barn eller ungdom ønsker å forbetra ditt lokalsamfunn!

Kommunen er i gang med å lage ny kommuneplan, og til samfunnsdelen av denne treng vi innspel frå dykk. Samfunnsdelen handlar om korleis vi skal utvikla samfunnet og kommunen vår, og då er det viktig å lytta til dei unge. Kom og bli med oss når vi saman skal setta oss mål for framtida.

Påmelding

Påmeldingsfrist 9. april.

Felt merka med * må fyllast ut