Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Innspelsmøte i regi av eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing

Korleis skal Øygarden kommune utvikla seg for å bli eit inkluderande og aldersvenleg samfunn?

Klikk for stort bilete

Dato
10. april 2021
Tid
12:00 - 14:00
Stad
Digitalt arrangement

Desse kjem på innspelsmøte 10. april. Kjem du?

Ordførar og Trude Drevland vil opna arrangementet, og blant anna snakka om korleis vi kan skapa eit samfunn som er godt å leva og bu i for alle. Arrangementet vert avslutta med musikalsk innslag ved Endre Nordvik. 

Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Trude Drevland - Klikk for stort bilete
Endre Nordvik - Klikk for stort bilete

Eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing inviterer deg som innbyggar til innspelsmøte 10. april. Kommunen arbeidar med samfunnsdelen til kommuneplanen, og her er det viktig for oss å få dine innspel om korleis vi kan bygga eit samfunn som er inkluderande for innbyggarar i ulike livsfasar og livssituasjonar. Dette handlar blant anna om:

  • Korleis kan vi saman skapa eit samfunn som er inkluderande for alle, uavhengig av alder og helse?
  • Kva treng du for å ha god livskvalitet i din kvardag?
  • Korleis kan vi arbeida saman for eit godt lokalsamfunn?
  • Kva skal til for at du vert meir engasjert i utvikla av Øygarden?

Påmelding

Påmeldingsfrist 9. april.




Skriv inn namn viss du representerer ei bedrift eller organisasjon.Skriv inn namn viss du representerer ei bedrift eller organisasjon.
Felt merka med * må fyllast ut