Foreldrekurs: Korleis støtta engsteleg ungdom

Dato
22. januar 2020
Tid
17:00 - 19:00
Stad
Øygarden bilbliotek - Straume

Her får du læra meir om korleis du kan støtta ungdommen til å stå i engstelsen og det som er vanskeleg.

Innhald

Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye og ukjente situasjonar. Mange ungdommar engstar seg for sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko. For nokon kan dette føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og på fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert.

På dette kurset vil vi snakke om hjelpsame strategiar du som forelder kan bruke for å støtte ungdommen til å stå i det som er vanskeleg.

Målgruppe

Føresette som har ungdom som har deltatt på «Tørr Meir» kurs på ungdomsskulen, og andre føresette som ønsker meir informasjon om temaet.

Føredragshaldarar

Føredraget er ved kommunepsykologane Sigrid Rømo Ystaas og Gro Berge.  Klikk for stort bilete

Arrangør

Kommunepsykologane