Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Bra mat - Stor pågang, venteliste

Bra Mat for betre helse er eit kurs for deg som kan ha nytte av å gjere endringar i vanar med fokus på kosthald. Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratet sine anbefalingar for eit godt kosthald for betre helse. Målet er å motivere til auka merksemd om matvanar og matvareval.

Klikk for stort bilete

Dato
2. februar 2021
Tid
12:00 - 15:00
Stad
Øygarden lokalmedisinske senter

Målgruppe

Kurset er for deg som ønskjer:

  • Motivasjon til å gjere endringar i kosthaldet
  • Ta gode matval
  • Bli kjent med varedeklarasjon
  • Tips og råd om gode alternativ

Innhald

Kurset har fire samlingar med ulike tema:

  • Små skritt, store forbetringar!
  • Må det søte liv smake søtt? Varedeklarasjon.
  • Ikkje eit feitt? Maten er servert.
  • Økonomi og planlegging. Vegen vidare.

Omfang

Kurset har 4 samlingar på 2-3 timar over 3 månadar.

Datoar

  • Tysdag 2. februar kl. 12.00 - 15.00
  • Tysdag 16. februar kl. 12.00 - 15.00
  • Tysdag 9. mars kl. 12.00 - 15.00
  • Tysdag 23. mars kl. 12.00 - 15.00

Pris

Kurset kostar totalt kr 300,- som dekker mat og kursmateriell.

Kurshadarar

Linn Jeanette Waagbø og Katrine Vik Snekkevik

Påmelding

For spørsmål og påmelding kontakt Friskliv og Meistring på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no