Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Digital sommarlesefest

Laurdag 19. september treffest me på nett!

Rekordinnsats på Sommarles! Det er sett tre nye rekordar på Øygardsbiblioteka denne sommaren: aldri har så mange vore med på Sommarles. Aldri har det vore registrert fleire bøker og aldri har det vore lese fleire sider! Det finst berre eitt ord for å beskrive det: imponerande!

Klikk for stort bilete

Dato
19. september 2020
Tid
12:00 - 13:30
Stad
Nettarrangement

Her er dei nøyaktige tala:

  • 964 deltakarar
  • 13 483 bøker
  • 1 400 071 sider! Altså over ein million firehundre tusen sider.

Dette må feirast! Dessverre kan me ikkje ha ein stor fest der me samlar alle. Det går ikkje på grunn av korona og smitteauken.

Derfor blir det digital fest i år. Laurdag 19. september treffest me på nett! Anten på Facebook eller på heimesida til Øygardsbiblioteka. Det heile startar klokka 12. Då vert det digital lesestund, premieutdeling – både til dei som har lese mest og ekstrapremiar til mange andre – fordi de har fortent det. Og til slutt blir det Kahoot med spørsmål både frå Sommarles og andre tema. (Og mulighet til å vinne fleire premiar!) Den digitale lesestunda er med Camilla Ruhs – ho fortel eventyret om Jack og bønnestengelen. Både lesestunda og kahooten blir liggjande heile dagen, så dersom det ikkje passar å vere med klokka 12, kan du kikke innom seinare på dagen.

Tusen takk for innsatsen! Velkommen til Sommarlesfest på nett laurdag 19. september klokka 12. Og velkommen tilbake til Sommarles 2021.