Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Mobilitetsveka kjem til Øygarden - Gratis sykkelservice

Treng du å få justert bremsa og giret, eller kanskje å få smurt kjeda? Då kan du møta opp på Basecamp RePro på Straume i tida 16. til 22. september.

Klikk for stort bilete 

Tidspunkt
Onsdag 16.09.2020 09.00 - tysdag 22.09.2020 18.00
Stad
Basecamp RePro

I år er Øygarden kommune blitt ein del av byvekstavtalen for bergensområdet. I samband med dette vert Mobilitetsveka 2020 markert på Sotraplassen torsdag 17. september kl. 14.00 - 17.00. Her vert det gratis sykkelservice i regi av Øygarden-bedrifta Basecamp, der proffe mekanikarar utfører enkel service heilt gratis. Heilt fram til 22. september tilbyr Basecamp Repro gratis sykkelservice.

Opningstid Bascamp RePro:

  • Måndag og tysdag 09.00-18.00
  • Onsdag 09.00-15.00
  • Torsdag og fredag 09.00-17.00.

Miljøløftet kjem også til å dela ut handsprit og andre smågåver som hjelper deg til å få ei trygg reise. Dagleg leiar i Basecamp, Jon Andreas Tjentland understrekar at det er snakk om enkel service, ikkje reparasjonar.

Velkomen!