Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Kulturminnedagane 2020 - «Russarstegen og dei russiske fangane»

Øygarden kommune markerer kulturminnedagane i lag med Sotra husflidslag og Museum Vest, avd Fjell festning, tre laurdagar i haust: 12.september, 26.september og 10.oktober.

Klikk for stort bilete

Dato
26. september 2020
Tid
10:00 - 15:00
Stad
Gjerdet kulturminnegard | Fjell festning

Sotra husflidslag arrangerer korte kurs (kl. 10.00-15.00) på Gjerdet kulturminnegard over tema «Lære-bruke-bære» med fokus på russarfangane sitt arbeid på Fjell. Påmelding til Sotra Husflidslag.

Russarstegen går frå Gjerdet kulturminnegard og opp til Fjell festning. På festningen har dei omvisingar mellom kl. 11.00 og 15.00. På festningsområdet møter Kor i Øygarden oss 12. september (kl. 12.00), 26. september (kl. 15.00) syng Sund blandakor og laurdag 10. oktober (kl. 12.00) er Algrøykoret på plass.

Minne frå krigen

Okkupasjonsmakta i Norge under 2.verdskrigen brukte delar av våningshuset på Gjerdet til sitt kontor. Russarstegen bak huset vart bygd av russiske fangar. Nokre av fangane budde i barakker på Fjell. Lokalbefolkninga gjorde mykje for å «lura til» dei russiske fangane ekstra mat. Det er fortald at det vart spadd opp ein potetåker der ein sette poteter som fangane, då dei gjekk forbi, i løynd gravde opp og åt. Sjølvsagt vaks det aldri opp potetplantar, men stadig nye poteter vart planta i åkeren.

Russargåver

Som mange andre stader der det russiske folket var i fangenskap og vart brukt som arbeidskraft til å byggja festningsanlegg og anna for okkupasjonsmakta, klarte òg fangane ved Fjell festning å finne nok materiale og reiskap til å framstilla vakre gjenstandar og leiker. Mest kjende er kanskje fuglane som sit og pikkar mat på eit brett. Dei laga òg fuglar av dekorativt utskorne og tynne treemne, sett saman av svevande fugl og kalla sponfuglar eller treflisfuglar. I Russland er desse fuglane kalla lykkefuglar etter eit gamal segn, og har vore kjend som lykke i Russland sidan middelalderen. Det russiske ordet for lykkefugl er «Ptitsa stsjastja». Me kan tenkja oss at fangane tenkte mykje på fred og fredsfuglar då dei laga desse fuglane. Mange nordmenn fekk slike vakre fuglegåver frå dei russiske fangane i løpet av desse krigsåra.

Kurs på Gjerdet kulturminnegard med tema Lære – bruke – bære»

I samband med kulturminnedagane ynskjer Sotra husflidslag å tilby tre korte dagskurs med fuglar som eit gjennomgåande tema. På kursa kan du som deltakar sy handlenett i gjenbruksmateriale og dekorera med dine eigne fredsfuglar i stoff-applikasjon, potettrykk og/eller broderi. Sjå heimesida til Sotra husflidslag for påmelding. Kursa 12.september og 10.oktober er for vaksne. Kurset 26.september er for Ung husflid/born. Det er dårleg med parkeringsplass på Gjerdet, men det går rutebussar kvar time frå nord og sør med busstopp rett ved.

Vel møtt!

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 12.09.2020 10.00 - 12.09.2020 15.00
  2. Laurdag, 26.09.2020 10.00 - 26.09.2020 15.00
  3. Laurdag, 10.10.2020 10.00 - 10.10.2020 15.00