Invitasjon til Meistringskurs barn 5. - 7. trinn

Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.

Dato
3. februar 2020
Tid
13:30 - 15:00
Stad
Straume helsestasjon

For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.

På dette kurset over 6 samlingar, vil vi invitere barn  (plass til inntil 8 barn)  til å lære om hjelpsame strategiar slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi som er ein veldokumentert metode for å redusere symptom på angst hos barn og ungdom.

Foreldre deltek siste kvarteret på alle samlingane.

Foreldre oppmodast til å delta på Drop- in foreldre/lærarar kurs om «Korleis støtte barn som er engstelege» Torsdag 16. januar kl 14.00 - 16.00 Straume helsesenter hos kommunepsykologane (Blombakkane 2, 5354 Straume).

Dette kurset er ope for alle som ønskjer å delta.

Påmelding

Velkommen!

Arrangør

Straume helsestasjon
Adresse
Blombakkane 2,
Postnummer og stad
5354 Straume