Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Leve godt med KOLS

Ønskjer du:
- betre pust og meir energi?
- meir kunnskap om ulike tema relatert til å leva med KOLS?
- å treffa andre og dela erfaringar?

Klikk for stort bilete

Tidspunkt
Måndag 03.08.2020 11.00 - torsdag 17.06.2021 12.00
Stad
Øygarden lokalmedisinske senter

Målgruppe

For deg som har KOLS eller tilsvarande lungesjukdom. Du må sjå nytte av å trene og ønskje å lære meir om å leve med sjukdommen.

Oppstart

Tilbodet går frå august til juni, med høve om forlenging. Fortløpande inntak.

Tilbodet

Høve for å trene i gruppe leia av fysioterapeut to gonger i veka. Samtalegruppe ein gong i månaden med ulike tema og enkel servering. Høve for å trene frem til kl. 15 på kvardager på alle Sprek og Blid sine senter i Øygarden kommune.

Tid

  • Måndag kl. 11-12 Sprek og Blid Skogsvåg
  • Torsdag kl. 11-12 Sprek og Blid Straume
  • Temagruppe ein gong i månaden kl. 12-13 på Straume

Pris

200 kr per månad til Sprek og Blid. Ingen bindingstid.

Påmelding/spørsmål

E-post til frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 50.

Arrangør

Friskliv og meistring