Kokosbananas!

Kokosbananasbøkene er humor for små barn og barnslege vaksne. Velkomen til ein artig føremiddag på biblioteket!

Dato
18. mars 2023
Tid
11:00 - 12:00
Stad
Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Gøyal høgtlesing med forfattaren Rolf Magne Golten Andersen, som også har alle stemmene i dei populære lydbøkene om Kokosbananas på Storytel og NRK. Kokosbananas er ein helsprø liten oppfinnar som bur i den koselege bygda Nøttvik med familien sin, Mamma Banana, Pappa Kokos og lillesøstera Baby Koko.

Forfattar og innlesar Rolf Magne G. Andersen les høgt og får hjelp frå barna til å lage lydeffektar, så vi saman kan lage ei skikkeleg gøyal opplesing!

Passer frå 3 år.

Arrangør

Øygarden innbyggartorg og bibliotek