Utstilling: Skisser for framtidas utvikling på Straume

Interessert i utviklinga på Straume? Velkomen til utstilling på Innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter.  

Kart over Stovevatnet og Straumeområdet - Klikk for stort bilete

 

Tidspunkt
Onsdag 08.03.2023 17.00 - laurdag 25.03.2023 15.00
Stad
Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

To arkitektteam har arbeidd med framtidsbiletet for Stovevatnet og Straume. Skissene for framtidas utvikling er gjort til ei utstilling som varar frå 8. mars og fram til og med 25. mars. I denne perioden er det mogleg å komma med tilbakemeldingar om kva du likar og ikkje likar ved forslaga. Les meir om parallelloppdraget, og korleis du kan påverka på kommunen sine nettsider.

Her finn du opningstid for innbyggartorget og biblioteket.