Livet i bevegelse - For deg som ønskjer gode kvardagar

Å leve med helseutfordringar kan føre til store forandringar i kvardagen. Livet i bevegelse er eit kurs med fokus på dei gode tinga i kvardagen. Målet er å gje deltakarane tru på eigne ressursar for sjølv å skape seg gode kvardagar.

Stabling av steiner - Klikk for stort bilete

 

Dato
17. april 2023
Tid
11:00 - 14:00
Stad
Øygarden Lokalmedisinske Senter, 2. etg. kurslokalene til Friskliv og Meistring

Målgruppe

Kurset er for personar over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsett funksjonsevne, kronisk psykiske eller fysiske belastningar eller kreft. Pårørande kan og delta.

Kurset er for deg som ønskjer:

  • Bli meir medviten om ulike verktøy for å ha gode kvardagar
  • Oppdage og utvikle tru på eigne ressursar
  • Møte andre som lever med helseutfordringar
  • Moglegheit for å dele eigne erfaringar

Innhald

Tema for samlingane er:

  • Kvardagsglede
  • Tankens kraft
  • Tilstade i eige liv
  • Tru på eigne ressursar
  • I balanse

Vi jobbar med desse tema på ulike måtar og du vil få moglegheit til både å høyre, snakke, reflektere og øve i gruppa.

Oversikt over datoar

Kurset blir heldt to gonger i året med oppstart på hausten og på våren.
Vårens kurs har oppstart måndag 17. april 2023.

  • Dag 1: måndag 17. april kl. 11.00 - 14.00
  • Dag 2: måndag 24. april kl. 11.00 - 14.00
  • Dag 3: måndag 8. mai kl. 11.00 - 14.00
  • Dag 4: måndag 15. mai kl. 11.00 - 14.00
  • Dag 5: måndag 22. mai kl. 11.00 - 14.00

Pris

Kurset kostar kr. 500 som inkluderer lunsj og kursmateriell.

Påmelding

For spørsmål og påmelding kontakt Friskliv og Meistring på telefon 55 09 68 50, Kreftkoordinator på telefon 55 09 71 86 / 909 63 266, eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no

Arrangør

Friskliv og meistring i samarbeid med Kreftkoordinator.
Kurshaldarar: Unn Telle og Inger Fosse.