Drop-in kurs i meistring av panikkangst

Kurset er eit drop-in kurs som går ca kvar 4. veke (2 t). Oppbygginga av kursa vil vera det same, mens innhaldet vil kunne variere noko avhengig av kva kroppslege symptom man jobbar med.

Illustrasjonsfoto - panikk-knapp - Klikk for stort bilete

Dato
13. april 2023
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Skjenet 10, Rus og psykisk helse (Bodonibygget)

Innhald

Kurset er basert på kognitiv terapi og har som føremål å:

  • Hjelpe deg å forstå kvifor du får panikkanfall
  • Gje deg mulighet til å utforske og overkomme dei kroppslege/mentale symptom du er redd for
  • Gje deg ein plan for korleis du kan jobba vidare med dette på eigahand

Du er velkomen til å delta på fleire kursdagar om du har behov for dette og har mulighet til det.

Målgruppe

Mennesker som har opplevd ett eller fleire panikkanfall og ønskjer hjelp til angstplagene. På dette kurset er også aktuelle faggrupper som betre ønskjer å forstå korleis man jobbar med angst, velkommen. Dette kan f.eks. vera; leger, lærarar eller helsesjukepleiar.

Typiske kjenneteikn ved panikkangst:

  • Frykt for kroppslege symptom som kvalme, svimmelhet, hjartebank, kortpustethet, m.m.
  • Katastrofetenkning som «eg kjem til å dø» «eg kjem til å svime av» «eg kjem til å bli sjuk», «eg kjem til å bli gal», «eg kjem til å miste kontroll», m.m.
  • Unngåing av stader, personar eller situasjonar - heilt eller delvis, og forsøk på å bremse/kontrollere angsten.

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding/spørsmål om kurset

Du treng ingen påmelding, du berre møter opp den dagen som er aktuell for deg.

Ved spørsmål

Ta kontakt med oss på e-post rph@oygarden.kommune.no eller telefon 469 49 904.

Velkomen!

I tråd med helsepersonelloven vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset. 

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 19.01.2023 13.00 - 19.01.2023 15.00
  2. Torsdag, 02.02.2023 13.00 - 02.02.2023 15.00
  3. Torsdag, 16.03.2023 13.00 - 16.03.2023 15.00
  4. Torsdag, 13.04.2023 13.00 - 13.04.2023 15.00
  5. Torsdag, 11.05.2023 13.00 - 11.05.2023 15.00
  6. Torsdag, 15.06.2023 13.00 - 15.06.2023 15.00