De korrekte - kansellering og identitetspolitikk ved Frank Rossavik - Straume

Interessant føredrag om eit høgaktuelt tema ved kommentator i Aftenposten Frank Rossavik.

 

Dato
26. januar 2023
Tid
20:00 - 21:00
Stad
Innbyggartorg og bibliotek, Sartor storsenter

Identitetspolitikk. Kansellering. Scenenekt. Woke. Kritisk raseteori. Krenkelseskultur

Begrepene som har prega samfunnsdebatten dei seinare åra kan vera vanskeleg å forstå og forholda seg til. Kva tyder dei eigentleg? Kvar kjem dei frå? Kva utvikling varslar dei? I dette føredraget gjev Frank Rossavik sine svar. Han er kritisk til aktivismen omgrepa skildrar. Han fryktar for ytringsfridomen og debattkulturen. Samtidig spør Rossavik om aktivistane har rett i noko.

Frank Rossavik har skrive boka "De korrekte - kansellering, identitetspolitikk og presset mot det liberale samfunn"

Arrangør

Øygarden innbyggartorg og bibliotek