-
Dato
-
31. mai 2023
-
Tid
-
13:00 - 15:00
-
Stad
-
Digitalt arrangement
Innhald
Opplegget er intensivt, det vil sei at behandlinga blir komprimert over ein periode på nokre dagar. Dette betyr at vi ventar at du raskare oppnår lindring, men og at det vil krevje ein del av deg som deltakar. Vi ber derfor om at du sørger for å ha moglegheit til å delta på alle behandlingssesjonar og møter alle dagane.
Behandlinga vil skje online, med ei enkel påkopling som du vil få hjelp til å få til. Fysisk aktivitet vil bli vektlagt som del av behandlinga, og vi vil i samråd med deg som deltakar finne aktivitet som passar for deg. I forkant av behandling vil vi gjere ei kartlegging og lage ein plan for behandlinga med kvar enkelt deltakar.
Målgruppe
Vi søkjer pasientar som har vore utsett for traumatiske hendingar, nyleg eller tidlegare i livet, som opplever ein eller fleire av følgande symptom når dei vert minna på hendinga eller kjem i situasjonar som liknar på det dei opplevde;
- påtrengande minne
- sterk kroppsleg aktivering
- unngår påminnare
Vårt tilbod enger seg for pasientar, som til tross for det dei har opplevd, har eit tilnærma normalt funksjonsnivå, arbeidsmessig og sosialt. Eller der funksjonsnivået er vurdert midlertidig mildt/moderat svekka.
Kursdagar
To økter med 90 min behandling kvar dag (minus helg).
Stad: digitalt kurs, du får tilsendt link via e-post.
Kurs våren 2023
Kurs 3
- Onsdag 31. mai 2023
- Torsdag 1. juni 2023
- Fredag 2. juni 2023
- Mandag 5. juni 2023
- Tirsdag 6. juni 2023
Kurs hausten 2023
Kurs 1
- Onsdag 16. august
- Torsdag 17. august
- Fredag 18. august
- Måndag 21. august
- Tysdag 22. august
Kurs 2
- Onsdag 27. september
- Torsdag 28. september
- Fredag 29. september
- Måndag 2. oktober
- Tysdag 3. oktober
Kurs 3
- Onsdag 29. november
- Torsdag 30. november
- Fredag 1. desember
- Måndag 4. desember
- Tysdag 5. desember
Pris
Kurset er gratis.
Påmelding/spørsmål om kurset
- Ta kontakt med oss på e-post rph@oygarden.kommune.no
- eller på telefon 469 49 904
- eller be fastlegen din sende ei tilvisning til Rask psykisk helsehjelp
I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.
Velkomen!