Dataopplæring for seniorar

Dette er eit grunnkurs for personar med ingen eller liten datakunnskap. På kurset vil du læra å bruka nyttige digitale offentlege tenester, videomøter, samt bestilla heimlevering av mat og andre varer. Dataopplæring vert vidare i haust berre gitt på innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter grunna manglande påmelding i Sund og Rong.

 

 

Dato
6. oktober 2022
Tid
10:00 - 15:00
Stad
Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Oppfriskingskurs 

Det vert oppfriskingskurs med tema basert på tilbakemeldingar frå deltakarar på grunnkurset. Torsdag 3. desember kl. 10.00 – 13.00.

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

  • Telefon Kim Kristiansen: 920 21 322 (meld deg på ønska stad og dato).
  • Meld deg på i Harddisk sin butikk på Sartor Storsenter.
  • Gå inn på nettsida til Harddisk «kurs»  for å melda deg på - vel stad og dato.      

Om kurset

  • Det er plass til seks personar per kurs.
  • Du må ta med eigen pc, ipad eller smarttelefon. Personvernet vert ivareteke gjennom heile kurset.
  • Det vert servert te og kaffi, ta med eigen matpakke. Pausar vert lagt inn undervegs. I desember vert det tilbod om 3 timars oppfriskingskurs (torsdag 1. desember). Tema for kurset er basert på tilbakemeldingar frå deltakarar som tidlegare har teke grunnkurs.

Ikkje la denne sjansen gå frå deg – Meld deg på!

Arrangør

Harddisk og TREFF+.

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 15.09.2022 10.00 - 15.09.2022 15.00
  2. Torsdag, 29.09.2022 10.00 - 29.09.2022 15.00
  3. Torsdag, 06.10.2022 10.00 - 06.10.2022 15.00
  4. Torsdag, 20.10.2022 10.00 - 20.10.2022 15.00
  5. Torsdag, 27.10.2022 10.00 - 27.10.2022 15.00
  6. Torsdag, 03.11.2022 10.00 - 03.11.2022 15.00
  7. Torsdag, 10.11.2022 10.00 - 10.11.2022 15.00