Aktuell informasjon

Invitasjon til innflyttingsfest

Innbyggartorg og bibliotek avdeling Straume har flytta inn i nye, flotte lokale i 3. og 4. etasje i Sartor Storsenter. Dette må vi feire, og vi ynskjer å invitera deg til vår innflyttingsfest laurdag 24. september. Små og store er hjarteleg velkomen!

Kollage innflyttingsfest - Klikk for stort bilete

Dato
24. september 2022
Tid
12:00 - 17:00
Stad
Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Om arrangementet

Det vert program frå kl. 12 til kl. 17 – vi byr på teater for dei minste med scenekunstar Maria Rønhovde, presentasjon av bøker som er nominerte til Bibliotekets litteraturpris, og tale av varaordførar Torill Selsvold Nyborg med lett servering og musikk. Så blir det konsert med bandet Barfødt, og til slutt føredraget «Om livet på farlege vegar» med journalist, musikar og forfattar Halvor Folgerø.

Program

  • Kl. 12.00: «Fast i plast» med scenekunstnar Maria Rønhovde for dei minste lånarane våre.
  • Kl. 13.00: Litterære smakebitar frå Bibliotekets litteraturpris. Dei ti nominerte bøkene vert presenterte av to av bibliotekarane våre.
  • Kl. 14.00: Offisiell opning av dei nye lokala. Varaordførar Torill Selsvold Nyborg talar og kulturskulekoret syng. Det vert enkel servering.
  • Kl. 15.00: Barfødt speler irsk folkemusikk.
  • Kl. 16.00: Halvor Folgerø held føredraget «Vestlandsvegar-om livet på farlege vegar».
  • Dagen vert runda av kl. 17.00.

Det vert enkel servering.

Målgruppe

Arrangementet er for alle.

Pris

Arrangementet er gratis.

Tilbod om gratis skyss

Vaksne personar med fysisk funksjonsnedsetjing får no tilbod om gratis skyss.
Meld deg på for transport til innflyttingsfesten her

 

Velkomen til innflyttingsfest!