Språkkafé for innvandrarar

Velkomen til Språkkafé på Straume bibliotek. Ein sosial møteplass for innvandrarar som ønskjer å praktisera norsk munnleg. Vi serverar eit lite varmt måltid, kaffi og te.

Språkkafé - Klikk for stort bilete
Dato
29. november 2022
Tid
13:00 - 14:30
Stad
Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Samarbeid

Språkkafé er eit tett samarbeid mellom Øygarden frivilligsentral, Øygardsbiblioteka og flyktningtenesta. Her møtast vi kvar veke for uhøgtideleg prat og språktrening. Biblioteket har lokale og gjer klart bord og stolar og frivilligsentralen har kontakt med dei frivillige. For nokre av deltakarane er språkkafé ein del av timeplanen når dei går på introduksjonsprogrammet, mens andre er med fordi dei ønskjer å praktisera norsk og møte nordmenn. Tilbodet er gratis og open for alle!

Bli frivillig

Tilbodet er veldig populært og vi ønskjer oss fleire dyktige frivillige som ønskjer å vera snakkepartnar! Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera med? Alle som snakkar norsk kan bidra! Er du innvandrar og ønskjer å øve norsk er du også velkomen!

På nettsida frivillig.no finn du meir informasjon og påmelding. Du kan også ta kontakt med frivilligsentralen på e-post frivillig@oygarden.kommune.no eller telefon 907 19 143.

Tilbod om gratis skyss

Vaksne personar med fysisk funksjonsnedsetjing får no tilbod om gratis skyss til språkkafé på tysdagar. Meld deg på for transport her:

Fotogalleri

Språkkafé på innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter - Klikk for stort bilete

Foto: Farshid Amini, Øygarden kommune

Andre tidspunkt

  1. Tysdag, 30.08.2022 13.00 - 30.08.2022 14.30
  2. Tysdag, 06.09.2022 13.00 - 06.09.2022 14.30
  3. Tysdag, 13.09.2022 13.00 - 13.09.2022 14.30
  4. Tysdag, 20.09.2022 13.00 - 20.09.2022 14.30
  5. Tysdag, 27.09.2022 13.00 - 27.09.2022 14.30
  6. Tysdag, 04.10.2022 13.00 - 04.10.2022 14.30
  7. Tysdag, 18.10.2022 13.00 - 18.10.2022 14.30
  8. Tysdag, 25.10.2022 13.00 - 25.10.2022 14.30
  9. Tysdag, 01.11.2022 13.00 - 01.11.2022 14.30
  10. Tysdag, 08.11.2022 13.00 - 08.11.2022 14.30
  11. Tysdag, 15.11.2022 13.00 - 15.11.2022 14.30
  12. Tysdag, 22.11.2022 13.00 - 22.11.2022 14.30
  13. Tysdag, 29.11.2022 13.00 - 29.11.2022 14.30
  14. Tysdag, 06.12.2022 13.00 - 06.12.2022 14.30
  15. Tysdag, 13.12.2022 13.00 - 13.12.2022 14.30