Online drop-in kurs med kommunepsykologane: Korleis støtte engstelege barn?

Målgruppe: Føresette og andre som jobbar med barn og unge i barnehage- og barneskulealder i Øygarden kommune.

Klikk for stort bilete 

Tidspunkt
Torsdag 28.05.2020 00.00 - fredag 28.08.2020 00.00
Stad
Heime

Innhald

Å vera engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko. For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen. På dette føredraget vil vi snakke om hjelpsame strategiar for å støtte barna slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen.

Påmelding

Dette er det same kurset som blir arrangert som drop-in to gangar i halvåret av kommunepsykologane i Øygarden. Ta kontakt for å få tilsendt lenke til kurset på gro.berge@oygarden.kommune.no