-
Dato
-
18. august 2022
-
Tid
-
13:00 - 15:00
-
Stad
-
Skjenet 10, Rus og psykisk helse (Bodonibygget)
Innhald
Kurset er basert på kognitiv terapi og har som føremål å:
- Hjelpe deg å forstå kvifor du får panikkanfall
- Gje deg mulighet til å utforske og overkomme dei kroppslege/mentale symptom du er redd for
- Gje deg ein plan for korleis du kan jobba vidare med dette på eigahand
Du er velkomen til å delta på fleire kursdagar om du har behov for dette og har mulighet til det.
Målgruppe
Menneske som nyleg har opplevd å få panikkanfall og ønskjer hjelp til å handtere dette.
På dette kurset er også aktuelle faggrupper som betre ønskjer å forstå korleis man jobbar med angst, velkommen. Dette kan f.eks. vera; leger, lærarar eller helsesjukepleiar.
Dersom du har hatt langvarige angstplagar, tilrår vi deg å drøfte aktuelt behandlingstilbod med fastlegen.
Typiske kjenneteikn ved panikkangst:
- Frykt for kroppslege symptom som kvalme, svimmelhet, hjartebank, kortpustethet, m.m.
- Katastrofetenkning som «eg kjem til å dø» «eg kjem til å svime av» «eg kjem til å bli sjuk», «eg kjem til å bli gal», «eg kjem til å miste kontroll», m.m.
- Unngåing av stader, personar eller situasjonar - heilt eller delvis, og forsøk på å bremse/kontrollere angsten.
Pris
Kurset er gratis.
Påmelding/spørsmål om kurset
Du treng ingen påmelding, du berre møter opp den dagen som er aktuell for deg.
Ved spørsmål
Ta kontakt med oss på e-post rph@oygarden.kommune.no eller telefon 469 49 904.
Velkomen!
I tråd med helsepersonelloven vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.