Dataopplæring for seniorar

Dette er eit grunnkurs for personar med ingen eller liten datakunnskap. På kurset vil du læra å bruka nyttige digitale offentlege tenester, videomøter, samt bestilla heimlevering av mat og andre varer.

Dato
26. oktober 2022
Tid
10:00 - 15:00
Stad
Innbyggjartorg/bibliotek Sund Senter

Dataopplæringa vert gitt på dei tre biblioteka/innbyggjartorga i kommunen.

Biblioteket på Sund Senter

Onsdagar kl. 10.00 - 15.00.

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

  • Telefon Kim Kristiansen: 920 21 322 (meld deg på ønska stad og dato).
  • Meld deg på i Harddisk sin butikk på Sartor Storsenter.
  • Gå inn på nettsida til Harddisk «kurs»  for å melda deg på - vel stad og dato.      

Om kurset

  • Det er plass til seks personar per kurs.
  • Du må ta med eigen pc, ipad eller smarttelefon. Personvernet vert ivareteke gjennom heile kurset.
  • Det vert servert te og kaffi, ta med eigen matpakke. Pausar vert lagt inn undervegs. I desember vert det tilbod om 3 timars oppfriskingskurs. Tema for kurset er basert på tilbakemeldingar frå deltakarar som tidlegare har teke grunnkurs.

I desember vert det tilbod om 3 timars oppfriskingskurs. Tema for kurset er basert på tilbakemeldingar frå deltakarar som tidlegare har teke grunnkurs.

Ikkje la denne sjansen gå frå deg – Meld deg på!

Arrangør

Harddisk og TREFF+.

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 07.09.2022 10.00 - 07.09.2022 15.00
  2. Onsdag, 28.09.2022 10.00 - 28.09.2022 15.00
  3. Onsdag, 26.10.2022 10.00 - 26.10.2022 15.00