BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4957//EN
BEGIN:VEVENT
UID:1b629b6a-fcfe-6b15-6b59-d43a4b7a1453
SUMMARY:Invitasjon til arbeidsverkstad for lag og frivillige organisasjonar - Totalberedskapen i Øygarden
DESCRIPTION:Om arbeidsverkstaden Når ei krise rammar, er det ikkje berre kommunen og naudetatane som må bidra. Lokale verksemder, frivillige lag og organisasjonar sit på viktig kunnskap, ressursar, utstyr og nettverk som kan gjera ein stor skilnad. Difor inviterer vi til arbeidsverkstader der vi saman skal utforska: Kva behov kan oppstå i ulike krisesituasjonar? Kven kan bidra med kva? Kva ressursar og kompetanse har vi allereie? Korleis kan vi samarbeida betre når det verkeleg gjeld? Ingen kjenner heile biletet åleine. Men saman kan vi byggja eit meir robust og motstandsdyktig lokalsamfunn. Vi ønskjer brei deltaking. Om du representerer ei lita foreining, ei verksemd eller ein større organisasjon, kan nettopp ditt bidrag vera avgjerande. Når krisa kjem, er det for seint å bli kjent. - Difor møtest vi no. Målgruppe For frivillige organisasjonar, lag, foreiningar og andre som bidreg til fellesskap og aktivitet i Øygarden. Erfaringa dykkar med mobilisering, omsorg, nettverk og lokal tilhøyrsle kan vere heilt avgjerande når samfunnet blir sett på prøve. Påmelding Meld deg på og vidareformidle gjerne til andre aktuelle! Maks 2 deltakarar frå kvar bedrift/organisasjon. Meld deg på her Påmeldingsfrist er 10. oktober 2026. Velkomen til ein viktig arbeidsverkstad for framtidas Øygarden.
DTSTART:20261112T170000Z
DTEND:20261112T190000Z
LOCATION:Kultursalen, Øygarden rådhus
SEQUENCE:0
CREATED:20260921T103753Z
DTSTAMP:20261006T073037Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
