BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4957//EN
BEGIN:VEVENT
UID:abc0e475-45bf-f70d-cca7-d32455a9e082
SUMMARY:Invitasjon til arbeidsverkstad for lokale bedriftar - Totalberedskapen i Øygarden
DESCRIPTION:Om arbeidsverkstaden Når ei krise rammar, er det ikkje berre kommunen og naudetatane som må bidra. Lokale verksemder, frivillige lag og organisasjonar sit på viktig kunnskap, ressursar, utstyr og nettverk som kan gjera ein stor skilnad. Difor inviterer vi til arbeidsverkstader der vi saman skal utforska: Kva behov kan oppstå i ulike krisesituasjonar? Kven kan bidra med kva? Kva ressursar og kompetanse har vi allereie? Korleis kan vi samarbeida betre når det verkeleg gjeld? Ingen kjenner heile biletet åleine. Men saman kan vi byggja eit meir robust og motstandsdyktig lokalsamfunn. Vi ønskjer brei deltaking. Om du representerer ei lita foreining, ei verksemd eller ein større organisasjon, kan nettopp ditt bidrag vera avgjerande. Når krisa kjem, er det for seint å bli kjent. - Difor møtest vi no. Målgruppe For verksemder i Øygarden kommune som ønskjer å bidra til eit meir robust lokalsamfunn. Du treng ikkje ha eiga beredskapsrolle eller industrivern for å delta. Tvert imot er vi opptekne av å få fram den breie kompetansen og kapasiteten som finst i næringslivet vårt. Både apotek, butikkar, kontor, servicenæring og produksjonsbedrifter er velkomne og ønska med. Påmelding Meld deg på og vidareformidle gjerne til andre aktuelle! Maks 2 deltakarar frå kvar bedrift/organisasjon. Meld deg på her Påmeldingsfrist er 10. oktober 2026. Velkomen til ein viktig arbeidsverkstad for framtidas Øygarden.
DTSTART:20261112T090000Z
DTEND:20261112T110000Z
LOCATION:Kultursalen, Øygarden rådhus
SEQUENCE:0
CREATED:20260921T103653Z
DTSTAMP:20261006T073124Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
