BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4859//EN
BEGIN:VEVENT
UID:655a9593-690f-bf40-92d6-d604a6757df9
SUMMARY:Bergen, naturlegvis
DESCRIPTION:Bergen, naturlegvis av Anders Lundberg Sandviken, Fløyen og Vidden tilbyr heile året naturopplevingar i skog og fjell. Bergensnaturen er i endring, med skog som kryp oppover Ulriken. Vil den innta Vidden? Tilbakegangen av artar, som vipene på Storetveitmarkene og kystlyngheiene på Fløyen, er bekymringsverdig, og fuglar og planter som stare, gråsporv, ask og alm slit. Men bildet er ikkje heilsvart; naturen i Bergen er levande og viktig! Naturen er til stades også i bysentrum: Smålungeren, Vågen, Store Lungegårdsvann, Damsgårdssundet, Nygårdsparken og Teaterparken. Her finn du lokale artar som byduer, parklind, moser og lav. Vandrefalken styrer frå høge tak, og på taket av Grieghallen produserer biene honning. Fuglane i Smålungeren er eit sentrum for internasjonalt mangfald; nokre hekker i nord, medan andre dreg sørover om vinteren. Mange av urteplantane frå klosterhagane for tusen år sidan finst her fortsatt. Forfatter og fotograf Anders Lundberg er busett i Åsane, og kjem til oss for å fortelje om sin nye bok. Vi skal på natterangling i vakre hagar i Åsane og møte nattsommerfuglane, og vi skal sjå hjorten som dansar i sommernatta. Naturen i Bergen er variert og spennande, frå sentrum til Vidden og Gullfjellet. Lundberg tar oss med til artsrike våtmarker, djupe skogar og høge fjell. Her har han treft på interessante og vakre plantar, sjeldne fugleartar og eit lyssky dyreliv. Og kanskje får vi også høyre noko om naturen i Øygarden?
DTSTART:20250116T180000Z
DTEND:20250116T190000Z
LOCATION:Innbyggartorg og bibliotek | Sartor Storsenter
SEQUENCE:0
CREATED:20241220T114524Z
DTSTAMP:20260728T133818Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
