Kleppedalen områdereguleringsplan, Toftøy - PlanID 2015 0001

Øygarden kommune kunngjer med dette endeleg vedtak av områdereguleringsplan for Kleppedalen, planId 2015 0001. Kommunestyret vedtok planen i møte 23.10.19, sak 70/19.

Vedtak i kommunestyret:

1.Øygarden kommunestyre vedtek med heimel i § 12-12 i plan- og bygningslova å godkjenne områdereguleringsplan for Kleppedalen med tilhøyrande reguleringsføresegner. Planid 2015 0001.

Godkjenning gjeld:
Plankart datert 21.10.19
Føresegner sist revidert 21.10.19
Planskildring

2.Reguleringsplanen opphevar delar av følgjande vedtekne reguleringsplanar:

Plan for Toftøy trafikksikring, skule mm vedteken 01.11.2000. Planid 2000 0002
Plan for Torsteinsvik 1 bustadfelt vedteken 29.05.1979. Plan id 1979 0001
Del av denne planen vert overstyrt:
Plan for 300 kV kabel vedteken 27.10.1994. Planid 1997 0001

Det vert med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Saksdokument

Les meir om endringar av plankart, føresegner og planskildring etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

Lenke til plankart, føresegner, planskildring og andre saksdokument

Eventuelle klagar

Grunneigarar og andre vert varsla direkte om vedtaket i eige brev i samsvar med pbl. § 12-12. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 29. november 2019.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 08.11.2019
Fann du det du leita etter?